Testwiki:Dagens skandinaviska artikel/Nynorsk/Vecka 7, 2024

Från testwiki
Version från den 23 januari 2024 kl. 08.56 av imported>Ranveig (Skapade sidan med '{{framside bilete|Stefan-Boltzmann Law.png|Illustrasjon av Stefan-Boltzmann-lova|:nn:Stefan-Boltzmann-lova}} '''Stefan–Boltzmann-lova''' seier at den totale energien som vert strålt ut frå ein svartlekam per areal, ''j''<sup>*</sup>, er direkte proporsjonal til fjerdepotensen av den termodynamiske temperaturen ''T'' (òg kalla ''absolutt temper...')
(skillnad) ← Äldre version | Nuvarande version (skillnad) | Nyare version → (skillnad)
Hoppa till navigering Hoppa till sök

Mall:Framside bilete Stefan–Boltzmann-lova seier at den totale energien som vert strålt ut frå ein svartlekam per areal, j*, er direkte proporsjonal til fjerdepotensen av den termodynamiske temperaturen T (òg kalla absolutt temperatur) til svartlekamen. Eit meir generelt tilfelle er ein grå lekam, ein som ikkje fullstendig absorberer eller emitterer heile strålingsfluksen. I staden for vert det stråla ut delar av fluksen, styrt av emissiviteten, ε.

Lova vart utleia av Josef Stefan i 1877 basert på målingar gjort av John Tyndall. Dei teoretiske omsyna vart ved hjelp av termodynamikken utleidd av Ludwig Boltzmann i 1884, med utgangspunkt i arbeidet til Adolfo Bartoli. Boltzmann såg på ein viss ideell varmemaskin med lys som materie i staden for gass. Lova gjeld berre for ideelle svartlekamar, som er perfekte strålingslekamar. Les meir …